ImF og kyrkjesituasjonen

ImF-veteranene Gottfred Eriksen, Harald Myklebust og Karl Johan Hallaråker har kome med synspunkt der dei meir eller mindre klart antyder at ImF har lagt seg på ei ny kyrkjepolitisk linje.

Alle knyter dette til valet av ny formann under vår generalforsamling i sommar. Begge formannskandidatar fekk spørsmål om kvar dei personleg stod i spørsmål om kyrkjemedlemskap og vektlegging av kor sterkt ImF Trossamfunn skal profilerast som alternativ i dagens situasjon. Det skulle berre mangle om ikkje generalforsamlinga skulle vite kva som skil kandidatar i eit formannsval.

Les svar frå Odd Asbjørn Nybø.

Les svar frå Gabriel Pollestad.  

Det verkar på meg som dei tre mennene i liten grad tek inn over seg at ImF denne våren sende ut eit dokument som uttaler seg om kyrkjesituasjonen. Eg vil tru at det er få dokument i vår historie som har fått grundigare handsaming i organisasjonen, og mange tillitsvalde har fått gje innspel til ordlyd og retning, inklusive dei to kandidatane. Dokumentet har hausta brei anerkjenning i fora der det har vore kommentert, sist under debatten i generalforsamlinga. Derfor forpliktar dagleg leiing og eit samla styre seg på dette.

Når det no nærmast vert framstilt som at ImF sviktar bibeltru prestar i Dnk, vil eg få lime inn følgjande ordlyd frå dokumentet: «Vi vet at mange ansatte og frivillige i Den norske kirke (Dnk) fortsatt står for en klassisk kristen tro som er fundamentert i troskap til Bibelen og bekjennelsen, og vi vet også at mange opplever stor nød i forhold til dagens situasjon. ImF ønsker på ingen måte å legge sten til byrden for disse». Dette er også noko av bakgrunnen for vårt engasjement i Evangelisk Luthersk Nettverk. Vi vil gje støtte og oppmuntre til frimod for dei prestar som vil stå fast på ei lære som er i samsvar med Bibel og vedkjenning.

Vi vil gje støtte og oppmuntre til frimod for dei prestar som vil stå fast på ei lære som er i samsvar med Bibel og vedkjenning

Under avsnittet om kyrkjemedlemskap seier dokumentet dette: «I våre foreninger og forsamlinger er alle som slutter seg til vår basis like velkommen til å engasjere seg, uavhengig av hvor en har sitt formelle kirkelige medlemskap. I spørsmålet om medlemskap må den enkelte altså treffe et valg som samvittigheten – bundet i Guds ord  – kan leve med, men vi anbefaler at du melder deg inn i et trossamfunn dersom du melder deg ut. Når vi har opprettet ImF Trossamfunn er det fordi det er et seriøst og godt alternativ for den som ønsker det. Fortsatt vil en del vektlegge at medlemskap i Dnk gir større muligheter for å påvirke utviklingen der i positiv retning. Andre vil tenke at rollen som støttespiller og medarbeider i Dnk sitt åndelige arbeid ikke er avhengig av medlemskap». At dette skulle representere noko linjeskifte frå ImF er uforståeleg for meg.

Når det gjeld kva fokus dette med kyrkjemedlemskap eller kyrkjepolitikk har i organisasjonen, er det utfordrande å gje ei framstilling av generalforsamlinga for dei som ikkje var til stades, inklusive Hans Aage Gravaas (jfr kronikk i Dagen 12/9). Vi er framleis ein misjonsorganisasjon, og over fem dagar vart det fokusert på korleis vi skal «Innta landet». Ingen bør leve i den illusjon at dette handlar om kvar vi har vårt kyrkjemedlemskap. Vi har lagt til rette for at folk kan ta eit val som ein ut frå sitt samvit kan leve med, men vi skal vinne folket for Gud med det som har vore vårt kall frå starten av: Forkynne Ordet til vekking om omvending og forlating for syndene.

Vi skal vinne folket for Gud med det som har vore vårt kall frå starten av: Forkynne Ordet til vekking om omvending og forlating for syndene

Så vil eg rette ei utfordring tilbake og be om erkjenning av at vi lever i ein kyrkjepolitisk situasjon som er dramatisk forverra i forhold til dei årtier som ligg bak. I desse dagar har Dnk avslutta høyringsrunden om den nye vigselsliturgien der den nye lære vert sementert. Kyrkjeblad i ImF-område offentleggjer at fleire prestar vil følgje den nye liturgien, både for likekjønna og ulikekjønna par. Frå såkalla konservative sokn får eg fortvilte henvendingar frå bedehusfolk som på nært hald får erfare konsekvensane av kompromisset som vart gjort under siste Kyrkjemøte.

Frå såkalla konservative sokn får eg fortvilte henvendingar frå bedehusfolk som på nært hald får erfare konsekvensane av kompromisset som vart gjort under siste Kyrkjemøte

I denne situasjonen tek ein på seg eit veldig stort ansvar om ein ikkje kan seie noko meir enn at folk må verte ståande på sin post. I ImF-dokumentet har vi halde fram det som har vore signalet frå organisasjonen i mange år: «Vi fraråder sterkt at en går til gudstjenester eller møter der personer som forfekter liberalteologi skal forkynne eller forrette, og heller ikke bruke deres medvirkning andre steder». Likevel ser vi at bedehusfolk mange stader held fram med å slutte opp om gudstenester der bibeloppløysande lære ligg til grunn. Konsekvensen vert at surdeigen snart syrer heile deigen (jfr argumentasjonen i vårt dokument). I denne situasjonen kan vi ikkje understreke sterkt nok det misjonsstrategiske behovet for at ein byggjer heilskaplege og framtidsretta forsamlingar i Bedehusa våre.

I denne situasjonen tek ein på seg eit veldig stort ansvar om ein ikkje kan seie noko meir enn at folk må verte ståande på sin post

Det er bra at vi kan ha ein open samtale og debatt om retning og vegval for misjonsorganisasjonane, men det er då mest interessant om ein kan førehalde seg til gjennomarbeida og offisielle dokument som forpliktar oss.

(Artikkelen vart først publisert i avisa Dagen 14.09.16. Den er eit tilsvar til innlegg same stad 03.09. (intervju med Gottfred Eriksen); 06.09. (innlegg av Harald Myklebust som Dagen til no ikkje har publisert på nett) og 07.09. (innlegg av Karl Johan Hallaråker). Sjå òg innlegg av tidlegare Sambåndet-redaktør Johannes Kleppa i Dagen 25.09.)

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.